36. Dette er etterkomarane etter Sjutelak: Frå Eran kjem Eran-ætta.
37. Det var Efraims-ættene, og talet på dei som vart mønstra, var 32 500. Det var etterkomarane etter Josef, ætt for ætt.
38. Dette er etterkomarane etter Benjamin, ætt for ætt: Frå Bela kjem Bela-ætta, frå Asjbel Asjbel-ætta, frå Ahiram Ahiram-ætta,
39. frå Sjufam Sjufam-ætta og frå Hufam Hufam-ætta.
40. Bela hadde desse etterkomarane: Frå Ard kjem Ard-ætta og frå Na’aman Na’aman-ætta.
41. Det var etterkomarane etter Benjamin, ætt for ætt, og talet på dei som vart mønstra, var 45 600.
42. Dette er etterkomarane etter Dan, ætt for ætt: Frå Sjuham kjem Sjuham-ætta. Det var Dans-ættene.
43. Talet på dei som høyrde Sjuham-ættene til, var 64 400.
44. Dette er etterkomarane etter Asjer, ætt for ætt: Frå Jimna kjem Jimna-ætta, frå Jisjvi Jisjvi-ætta, frå Beria Beria-ætta,
45. frå Heber Heber-ætta og frå Malkiel Malkiel-ætta.
46. Asjer hadde ei dotter som heitte Sera.
47. Det var Asjers-ættene, og talet på dei som vart mønstra, var 53 400.
48. Dette er etterkomarane etter Naftali, ætt for ætt: Frå Jakse’el kjem Jakse’el-ætta, frå Guni Guni-ætta,
49. frå Jeser Jeser-ætta og frå Sjillem Sjillem-ætta.
50. Det var Naftali-ættene, og talet på dei som vart mønstra, var 45 400.
51. I alt vart det mønstra 601 730 israelittar.
52. Herren sa til Moses:
53. «Mellom desse skal landet skiftast ut til odel og eige, etter folketalet.
54. Dei store ættene skal du gje stor eigedom og dei små ættene mindre. Kvar ætt skal få eigedom etter folketalet.
55. Landet skal skiftast ved loddkasting, og kvar ættgrein skal få land i det området som høyrer ætta til.
56. Etter som loddet fell, skal kvar ætt, stor eller lita, få sin eigedom.»