9. Men tjuefire tusen hadde mist livet i pesten.
10. Herren sa til Moses:
11. «Pinhas, son til presten Elasar og soneson til Aron, har vendt harmen min bort frå israelittane, fordi han synte sin brennhug for meg mellom dei. Difor ville eg ikkje vera så streng at eg gjorde ende på dei.
12. Av den grunn skal du seia: Eg gjer ei venskapspakt med han.
13. Han og ætta hans etter han skal ha ein evig rett til å vera prestar, fordi han var brennhuga for Gud og gjorde soning for israelittane.»