4. Mosebok 25:7-12 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

7. Då Pinhas, som var son til presten Elasar og soneson til Aron, såg det, reiste han seg, steig fram or flokken og treiv eit spyd.

8. Så fylgde han etter israelitten inn i soveromet og rende spydet gjennom dei begge, både israelitten og kvinna, så det gjekk inn i livet hennar. Då stogga pesten som herja mellom israelittane.

9. Men tjuefire tusen hadde mist livet i pesten.

10. Herren sa til Moses:

11. «Pinhas, son til presten Elasar og soneson til Aron, har vendt harmen min bort frå israelittane, fordi han synte sin brennhug for meg mellom dei. Difor ville eg ikkje vera så streng at eg gjorde ende på dei.

12. Av den grunn skal du seia: Eg gjer ei venskapspakt med han.

4. Mosebok 25