4. Mosebok 22:26-33 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

26. Endå ein gong gjekk Herrens engel framom og stelte seg på ein trong stad. Der var det ikkje råd å vika unna, korkje til høgre eller venstre.

27. Då eselet atter fekk auga på Herrens engel, la det seg ned under Bileam. No vart Bileam brennande harm og slo til eselet med staven sin.

28. Då gav Herren eselet mål og mæle, og det sa til Bileam: «Kva har eg gjort deg? No er det tredje gongen du slår meg.»

29. Bileam svara: «Du har halde meg for narr. Hadde eg berre eit sverd i handa, skulle eg drepe deg med det same!»

30. Men eselet sa til Bileam: «Er ikkje eg eselet ditt, som du alltid har ride på, heilt til denne dag? Har eg nokon gong hatt for vane å gjera slikt mot deg?» «Nei,» svara Bileam.

31. Då opna Herren augo hans, og han såg Herrens engel som stod på vegen med drege sverd i handa. Straks kasta han seg ned og bøygde seg med andletet mot jorda.

32. Herrens engel sa til han: «Kvifor har du tre gonger slege eselet ditt? Sjå, eg har gått ut for å stå deg imot. For eg ser at dette er ei farleg ferd.

33. Eselet såg meg og tok av vegen for meg alle tre gongene. Hadde det ikkje det gjort, ville eg no ha drepe deg, men spart eselet.»

4. Mosebok 22