12. Men Herren sa til Moses og Aron: «Fordi de ikkje trudde på meg og ikkje lét israelittane sjå kor heilag eg er, difor skal ikkje de få føra dette folket inn i det landet eg har gjeve dei.»
13. Dette var Meriba-kjelda, der israelittane tretta med Herren, og der han synte dei kor heilag han er.
14. Frå Kadesj sende Moses bod til kongen i Edom: Så seier Israel, frenden din: Du veit kor mykje strev og møde vi har hatt.
15. Fedrane våre fór ned til Egypt, og der budde dei i lang tid. Men egyptarane var harde med oss og fedrane våre.
16. Då ropa vi til Herren, og han høyrde bøna vår. Han sende ein engel og førte oss ut or Egypt. Og no er vi i Kadesj, ein stad som ligg nær grensa til landet ditt.