3. Den staden kalla dei Tabera, fordi eld frå Herren hadde brote ut mellom dei der.
4. Flokken av framande som hadde gjeve seg i lag med dei, fekk veldig lyst på mat. Då tok israelittane òg til å jamra seg att. «Å, gjev vi hadde kjøt å eta!» sa dei.
5. «Vi minnest fisken som vi åt i Egypt, og som vi fekk for ingenting. Vi minnest agurkane, melonane og purren, raudlauken og kvitlauken.
6. No svid det i brystet, for her har vi ingen ting. Vi ser ikkje anna enn manna.»
7. Mannaen likna korianderfrø og såg ut som bedolah-kvae.
8. Folket sprang utover og sanka manna. Dei mol han på handkvern eller støytte han i morter. Så koka dei han i gryte og laga kaker av han. Då smaka det som oljekake.