3. Mosebok 5:24-26 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

24. Såleis skal det vera når nokon nektar og sver falskt òg. Han skal gje det att med full verdi og leggja til ein femtepart. Same dagen som skulda hans vert kjend, skal han gje det til eigaren.

25. Han skal koma til Herren med eit skuldoffer, ein lytelaus ver av feet, verdsett som eit fullgodt offer, og gje han til presten.

26. Og presten skal gjera soning for han for Herrens åsyn, så han får tilgjeving for alt det han har ført skuld over seg med.

3. Mosebok 5