3. Mosebok 26:6-14 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

6. Eg vil gje fred i landet. De skal få liggja i ro, og ingen skal skræma dykk. Udyra vil eg rydja ut or landet, og sverd skal ikkje herja i landet dykkar.

7. De skal forfylgja fiendane, og dei skal falla for sverdet dykkar.

8. Fem av dykk skal jaga hundre, og hundre skal jaga ti tusen. Fiendane skal falla for sverdet dykkar.

9. Eg vil venda meg til dykk og la dykk veksa og aukast; eg vil halda mi pakt med dykk.

10. De skal eta fjorgamalt korn heilt til de må rydja det bort så de får plass til det nye.

11. Eg vil reisa min bustad mellom dykk og ikkje ha motvilje mot dykk.

12. Midt imellom dykk vil eg ferdast. Eg vil vera dykkar Gud, og de skal vera mitt folk.

13. Eg er Herren dykkar Gud, som førte dykk ut or Egypt, så de ikkje skulle træla der lenger. Eg braut sund stengene i åket dykkar, så de kunne gå rake.

14. Men vil de ikkje høyra på meg og halda alle desse boda,

3. Mosebok 26