10. Sei til israelittane: Når de kjem inn i det landet eg vil gje dykk, og skjer kornet der, då skal de gå til presten med det fyrste kornbandet de har skore.
11. Han skal svinga det for Herrens åsyn, så Herren kan ha hugnad i dykk. Dagen etter sabbaten skal presten svinga kornbandet.
12. Same dagen som de svingar kornbandet, skal de bera fram eit årsgamalt, lytelaust lam som brennoffer til Herren
13. og grødeofferet som høyrer til. Det skal vera to tiandedels efa kveitemjøl med olje i; då er det eit eldoffer til godange for Herren. Til det kjem drikkofferet, ein fjerdedels hin vin.
14. De skal ikkje eta brød og ikkje steikt eller friskt korn før den dagen de ber fram gåva åt dykkar Gud. Det skal vera ei evig lov for dykk og etterkomarane dykkar, kvar de så bur.
15. Frå dagen etter sabbaten, frå den dagen de kjem med kornbandet som skal svingast, skal de telja sju fulle veker.
16. Femti dagar skal de telja, til dagen etter den sjuande sabbaten. Då skal de bera fram for Herren ei offergåve av den nye grøda.