3. Mosebok 19:23-32 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

23. Når de kjem inn i landet og plantar allslags frukttre, skal de halda den fyrste frukta dei ber, for urein. I tre år skal trea vera ureine for dykk, og de må ikkje eta frukta av dei.

24. Det fjerde året skal all frukt viast til Herren på ei gledehøgtid.

25. Fyrst i det femte året kan de eta frukta. Såleis får de større avling. Eg er Herren dykkar Gud.

26. De skal ikkje eta noko med blodet i.De skal ikkje driva med spådomskunster og teikntyding.

27. De skal ikkje runda av håret på sidene og raka skjegget i kantane.

28. De skal ikkje rispa dykk opp på kroppen i sorg over ein som er død, og ikkje brenna inn skriftteikn på dykk. Eg er Herren.

29. Du skal ikkje vanhelga dotter di og la henne verta skjøkje. For då vert folket usedeleg og landet fullt av skamløyse.

30. De skal halda sabbatsdagane mine og ha age for heilagdomen min. Eg er Herren.

31. De skal ikkje venda dykk til gjengangarar og spådomsånder og spørja dei til råds, så de vert ureine ved dei. Eg er Herren dykkar Gud.

32. Du skal reisa deg for dei grå hår og visa dei gamle ære. Du skal ha age for din Gud. Eg er Herren.

3. Mosebok 19