3. Mosebok 19:18-28 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

18. Du skal ikkje ta hemn og ikkje bera agg til landsmennene dine, men du skal elska nesten din som deg sjølv. Eg er Herren.

19. De skal halda føresegnene mine: Du skal ikkje la to dyr av ulikt slag i buskapen din para seg. Du skal ikkje så to slag sæde i åkeren din. Klede som er vovne av to slag garn, skal du ikkje ha på deg.

20. Når ein mann går til sengs med ei kvinne og ligg med henne, og ho er ei trælkvinne som er fest til ein annan mann, men enno ikkje er utløyst eller frigjeven, då skal dei straffast. Men dei skal ikkje bøta med livet, fordi ho ikkje er ei fri kvinne.

21. Men mannen skal koma til møteteltdøra med ein ver; det er skuldofferet hans til Herren.

22. Med denne veren skal presten gjera soning for han for Herrens åsyn, for den synda han har gjort. Så får han tilgjeving for synda si.

23. Når de kjem inn i landet og plantar allslags frukttre, skal de halda den fyrste frukta dei ber, for urein. I tre år skal trea vera ureine for dykk, og de må ikkje eta frukta av dei.

24. Det fjerde året skal all frukt viast til Herren på ei gledehøgtid.

25. Fyrst i det femte året kan de eta frukta. Såleis får de større avling. Eg er Herren dykkar Gud.

26. De skal ikkje eta noko med blodet i.De skal ikkje driva med spådomskunster og teikntyding.

27. De skal ikkje runda av håret på sidene og raka skjegget i kantane.

28. De skal ikkje rispa dykk opp på kroppen i sorg over ein som er død, og ikkje brenna inn skriftteikn på dykk. Eg er Herren.

3. Mosebok 19