3. Mosebok 18:19-23 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

19. Du skal ikkje gå til ei kvinne og liggja med henne når ho har månadstida si og er urein.

20. Du skal ikkje liggja med kona til ein landsmann og såleis gjera deg urein.

21. Du skal ikkje gje nokon av borna dine til Molok; du skal ikkje vanhelga namnet åt din Gud. Eg er Herren.

22. Du skal ikkje liggja med ein mann som ein ligg med ei kvinne. Det er ein styggedom.

23. Du skal aldri ha omgang med dyr; for då vert du urein. Heller ikkje skal ei kvinne by seg fram til eit dyr og para seg med det. Det er stygg åtferd.

3. Mosebok 18