3. Mosebok 15:30-33 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

30. Og presten skal ofra dei, den eine som syndoffer og den andre som brennoffer. Såleis skal presten gjera soning for henne for Herrens åsyn og reinsa henne for den ureine blødinga.

31. De skal fria israelittane for ureinskapen deira, så dei ikkje skal gjera bustaden min urein, den som står midt imellom dei, og døy i ureinskapen sin.

32. Dette er lova om menn som har utflod, og om dei som det går sæd frå, så dei vert ureine,

33. om kvinner som har månadstida si, om folk som skil ut væske, anten det er menn eller kvinner, og om menn som ligg med ureine kvinner.

3. Mosebok 15