3. Mosebok 15:20-29 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

20. Alt det ho ligg eller sit på medan ho er urein, vert ureint.

21. Den som kjem nær lega hennar, skal vaska kleda sine og lauga seg; han er urein heilt til kvelds.

22. Og den som kjem nær noko ho har sete på, skal vaska kleda sine og lauga seg; han er urein heilt til kvelds.

23. Ligg det eit eller anna på lega eller setet hennar, og nokon kjem nær det, er han urein heilt til kvelds.

24. Dersom ein mann ligg med henne, og ureinskapen hennar kjem på han, er han urein i sju dagar, og alt det han ligg på, vert ureint.

25. Når det går blod frå ei kvinne i mange dagar, utan at ho har månadstida si, eller blodet går lenger enn vanleg, då er ho urein så lenge blødinga varer, som når ho har månadstida si.

26. Alt det ho ligg på medan blødinga varer, vert ureint, som når ho har månadstida si. Og alt det ho sit på, vert ureint, som når ho har månadstida si.

27. Den som kjem nær det, vert urein. Han skal vaska kleda sine og lauga seg; han er urein heilt til kvelds.

28. Når ho vert rein etter blødinga, skal ho telja sju dagar fram. Då er ho rein.

29. Den åttande dagen skal ho ta to turtelduer eller to dueungar og koma til presten med dei, til møteteltdøra.

3. Mosebok 15