8. Og presten skal sjå på han. Finn han at utslettet har ete endå meir om seg, skal han seia frå at mannen er urein. Då er det hudsjukdom som gjer urein.
9. Når nokon har fått denne sjukdomen, skal han førast til presten.
10. Og presten skal sjå på han. Finn han at det er ein kvit trote på huda med villkjøt i, og at håret der har kvitna,
11. då er det vedvarande hudsjukdom, og presten skal seia frå at han er urein. Han skal ikkje fyrst stengja mannen inne, for han er alt urein.
12. Men når utslettet bryt ut på huda, så det dekkjer den sjuke frå hovud til hæl, alle stader der presten kan festa augo,
13. skal presten sjå på han. Finn han at utslettet har breitt seg over heile kroppen, skal han seia frå at den sjuke er rein. Har han vorte kvit over heile kroppen, er han rein.
14. Men så snart det syner seg villkjøt på han, er han urein.
15. Når presten ser villkjøtet, skal han seia frå at han er urein, for villkjøtet er ureint. Det er hudsjukdom som gjer urein.
16. Går villkjøtet bort att og den sjuke vert kvit, skal han koma til presten.
17. Og presten skal sjå på han. Finn han at den vonde flekken har vorte kvit, skal han seia frå at den sjuke er rein. Då er han rein.
18. Får nokon ein svull på huda, og han vert lækt,
19. og det sidan kjem ein kvit trote eller ein bleikraud flekk der svullen var, skal han syna seg fram for presten.
20. Og presten skal sjå på han. Finn han at flekken ligg djupare enn skinnet, og at håret på han har kvitna, skal han seia frå at mannen er urein. Hudsjukdom som gjer urein, har brote ut i svullen.