38. Eg jagar mine fiendar ¬og slettar dei ut,eg snur ikkje ¬før eg har gjort ende på dei.
39. Eg gjer ende på dei ¬og rydjar dei ut,så dei ikkje kan reisa seg,men ligg under føtene mine.
40. Du rustar meg ¬med styrke til stridenog tvingar mine motstandarar ¬i kne.
41. Du slår mine fiendar på flukt,eg rydjar ut dei som hatar meg.
42. Dei ser seg om, ¬men det er ingen som bergar,dei ropar til Herren, ¬han svarar dei ikkje.
43. Eg knuser dei ¬som støv på jorda,trør og trakkar dei ned ¬som avfall i gata.
44. Du berga meg ¬då folket mitt låg i strid,heldt meg oppe ¬som hovding over folkeslag.Folk eg ikkje kjende, ¬må tena meg;
45. framande kryp for meg,dei lyder berre dei høyrer ¬om meg.