Så kom Joab og Abisjai og kringsette han i Abel-Bet-Ma’aka. Dei kasta opp ein voll, som nådde bort til den ytre bymuren. Og heile hæren som var med Joab, gjekk laus på muren og ville få han til å falla.