1. No var det eit illmenne der som heitte Sjeba Bikrison og høyrde Benjamins-ætta til. Han bles i hornet og ropa:«Vi har ingen del i David,ingen lut i Isai-sonen.Heim att, kvar til seg, Israel!»
2. Då skilde alle israelittane lag med David og fylgde Sjeba Bikrison. Men judearane heldt seg til kongen sin og fylgde han frå Jordan til Jerusalem.
3. Då David kom heim til Jerusalem, tok han dei ti fylgjekonene som han hadde late vera att for å sjå etter huset, og sette dei under vakt i eit hus for seg sjølve. Han sytte for det dei trong, men han låg ikkje med dei. Der sat dei innestengde til sin døyande dag og levde som om dei var enkjer.
4. Sidan sa kongen til Amasa: «Kall saman judearane innan tre dagar, og møt sjølv fram her!»
5. Amasa drog av stad og kalla saman judearane, men han trong meir tid enn kongen hadde fastsett.
6. Då sa David til Abisjai: «No kjem Sjeba Bikrison til å skapa større vanskar for oss enn Absalom. Ta med deg mennene mine og set etter han før han når fram til nokon av festningsbyane og slepp frå oss!»
7. Så drog Abisjai ut med alle mennene til Joab, med livvakta og alle krigarane. Dei tok ut frå Jerusalem og ville setja etter Sjeba Bikrison.
8. Då dei var komne til den store steinen ved Gibeon, kom Amasa imot dei. Joab bar våpenkappe, og utanpå kappa hadde han eit belte. Til beltet var det fest ei slire med sverd i. Det glei ut og datt ned.
9. Joab sa til Amasa: «Står det bra til med deg, bror?» og tok med høgre handa kring skjegget hans som om han ville kyssa han.
10. Men Amasa tok seg ikkje i vare for sverdet som Joab hadde i den andre handa. Joab stakk han i magen, så innvolen rann ut på marka, og han døydde straks av det eine stikket.Så sette Joab og Abisjai, bror hans, etter Sjeba Bikrison.
11. Men ein av mennene til Joab vart ståande attmed Amasa og ropa: «Fylg Joab, alle som held med han og høyrer til Davids menn!»
12. Amasa låg på landevegen medan blodet flaut ikring han. Då mannen såg at alt folket stogga der, flytte han Amasa frå vegen bort på marka og kasta ei kappe over han; for alle som kom framom, såg han og stogga.
13. Då mannen hadde fått Amasa bort frå vegen, gjekk alle framom og fylgde Joab medan han jaga Sjeba Bikrison.