1. Sidan spurde David Herren til råds: «Skal eg fara opp til ein av byane i Juda?» Herren svara: «Ja, gjer det!» Då spurde David: «Kvar skal eg ta vegen?» «Til Hebron,» svara Herren.
2. Så fór David dit med dei to konene sine, Akinoam frå Jisre’el og Abigajil, enkja etter Nabal frå Karmel.
3. Han tok òg med seg dei mennene som fylgde han. Alle hadde huslyden sin med; og dei busette seg i landsbyane kring Hebron.
4. Dit kom Juda-mennene og salva David til konge over Juda-ætta.Då David fekk høyra at det var mennene i Jabesj i Gilead som hadde gravlagt Saul,