2. Samuelsbok 19:1-6 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Joab fekk melding om at kongen gret og syrgde over Absalom.

2. Då vart sigersgleda til sorg for heile folket; for dei òg fekk snart vita at kongen syrgde over son sin.

3. Den dagen lurte mennene seg inn i byen, liksom folk lurer seg inn når dei skjemmest fordi dei har rømt frå striden.

4. Kongen heldt kappa for andletet og ropa høgt: «Absalom, son min, Absalom, son min, son min!»

5. Då gjekk Joab inn i huset til kongen og sa til han: «I dag har du ført vanære over alle mennene dine, dei som i dag har berga både ditt liv og livet åt sønene og døtrene, konene og fylgjekonene dine.

6. Du elskar dei som hatar deg, og hatar dei som elskar deg. For i dag har du synt at du korkje bryr deg om hovdingane eller stridsmennene dine. Eg skjønar no at om Absalom hadde levt i dag, og alle vi andre var døde, så hadde du tykt det var som det skulle vera.

2. Samuelsbok 19