11. Då sa Joab til mannen som kom med meldinga: «Når du såg det, kvifor slo du han då ikkje til jorda på flekken? Så skulle eg ha gjeve deg ti sekel sølv og eit belte.»
12. Mannen svara: «Om dei så vog meg tusen sekel sølv opp i neven, ville eg ikkje lyfta handa mot son til kongen. Vi høyrde då alle at kongen gav deg og Abisjai og Ittai dette påbodet: Ta dykk av Absalom, guten min!
13. Men hadde eg fare fram med svik og teke livet av han, så hadde det ikkje kunna døljast for kongen, og du hadde nok halde deg unna.»
14. Då sa Joab: «Eg kan ikkje stå her og hefta meg bort lenger.» Så treiv han tre spyd og rende dei i brystet på Absalom, medan han endå hang levande mellom greinene på eika.
15. Og ti unge menn, våpensveinane åt Joab, kom bort til Absalom og gav han banehogg.
16. Då bles Joab i hornet, og folket heldt opp med å forfylgja israelittane; for Joab stagga dei.
17. Så tok dei Absalom og kasta han ned i ei djup hole i skogen og hauga opp ei stor steinrøys over han. Og alle israelittane rømde heim, kvar til sitt.
18. Medan Absalom levde, hadde han reist ein minnestein for seg. Det er den steinen som enno står i Kongsdalen. «For eg har ingen son som kan halda oppe minnet om namnet mitt,» sa han. Difor gav han steinen namn etter seg, og sidan har han vorte kalla «Absaloms minne» og heiter så den dag i dag.
19. Akima’as Sadoksson sa til Joab: «Lat meg få springa til kongen med den gode bodskapen at Herren har hjelpt han til hans rett og fria han frå fiendane.»
20. Men Joab svara: «Nei, i dag kan du ikkje bera gledebod. Ein annan gong kan du gå med gledebod, men ikkje i dag; for son til kongen er død.»
21. Så sa Joab til nubiaren: «Gå og fortel kongen det du har sett!» Nubiaren bøygde seg for Joab og sprang av stad.
22. Men Akima’as Sadoksson tok til ords att og sa til Joab: «Det får gå som det vil, men lat meg få springa av stad etter nubiaren!» Joab svara: «Kvifor vil du det, guten min? Dette er då ikkje noko gledebod som du kan venta løn for.»
23. Han sa: «Det får gå som det vil; eg spring av stad.» «Så spring då!» sa Joab. Så sprang Akima’as den vegen som går over Jordan-sletta og kom føre nubiaren.
24. Imedan sat David i portromet, og vaktmannen gjekk att og fram oppe på port-taket. Då han kom bort til muren og såg utover, fekk han auga på ein mann som kom springande åleine.
25. Vaktmannen ropa ned til kongen og sa frå om det. Då sa kongen: «Er han åleine, kjem han med god bodskap.» Mannen kom nærare og nærare.
26. Brått fekk vaktmannen sjå ein annan mann som kom springande, og han ropa ned til portvakta: «Sjå, der kjem endå ein springande åleine!» Kongen sa: «Han òg kjem med god bodskap.»
27. Då sa vaktmannen: «Eg tykkjer den fyrste spring så likt Akima’as Sadoksson.» Kongen svara: «Han er ein god mann og kjem nok med gledebod.»
28. Akima’as ropa til kongen: «Ver helsa!» Så kasta han seg ned for kongen med andletet mot jorda og sa: «Lova vere Herren din Gud, som har late deg vinna over dei mennene som lyfte si hand mot deg, herre konge.»
29. Kongen spurde: «Står det bra til med Absalom, guten min?» Akima’as svara: «Eg såg at det var stort oppstyr då Joab sende kongstenaren og meg av stad; men eg veit ikkje kva det var.»