6. og kasta stein både etter kongen og alle mennene hans, endå heile hæren og alle krigarane gjekk med han, somme på høgre og somme på venstre sida.
7. Sjimi forbanna han og ropa: «Bort med deg! Bort med deg, din blodhund, ditt illmenne!
8. No tek Herren hemn over deg for alt blodet som har runne i ætta til Saul. Du tok kongedømet frå han, men Herren har gjeve det til Absalom, son din. No får du att for vondskapen, din blodhund!»
9. Då sa Abisjai Serujason til kongen: «Kvifor skal denne daude hunden forbanna deg, herre konge? Lat meg få gå bort og hogga hovudet av han.»
10. Men kongen svara: «Kva har de med dette å gjera, Seruja-søner? Når han forbannar, er det fordi Herren har sagt til han: Forbann David! Kven kan då spørja: Kvifor gjer du det?»
11. Så sa David til Abisjai og alle dei andre mennene sine: «De ser at min eigen son og etterkomar står meg etter livet. Kan ein då venta anna av denne benjaminitten? Lat han berre forbanna når Herren har sagt at han det skal.
12. Kanskje Herren ser til meg i mi naud og lèt meg få noko godt att i staden for den forbanninga som er lyst over meg i dag.»
13. Så heldt David og mennene hans fram etter vegen, medan Sjimi gjekk jamsides med han oppi åssida. Han forbanna David og kasta stein og jord etter han.
14. Kongen og alle som var med han, kom trøytte fram til Jordan, og dei kvilte seg der.
15. Imedan var Absalom komen til Jerusalem med heile flokken av israelittar. Akitofel var òg med.