3. sa Absalom til han: «Saka di er både god og rett, men hjå kongen finst det ingen som høyrer på deg.»
4. Og så sa han: «Gjev dei ville setja meg til domar i landet! Då kunne alle som hadde ei trette eller sak, koma til meg, og eg skulle hjelpa dei til å få sin rett.»
5. Når nokon kom bort og ville kasta seg ned for han, rette han ut handa, reiste han opp og kyste han.
6. Så gjorde Absalom med alle israelittar som kom til kongen og ville få dom i ei sak, og på den måten stal han hjarta åt Israels-mennene.
7. Då fire år var lidne, sa Absalom til kongen: «Lat meg få fara til Hebron og gjera det eg har lova Herren!
8. For då eg budde i Gesjur i Aram, gav eg denne lovnaden: Lèt Herren meg få koma heim att til Jerusalem, vil eg ofra til han.»
9. Kongen svara: «Far i fred!» Så gjorde Absalom seg ferdig og fór til Hebron.
10. Samstundes sende han i løynd folk rundt til alle Israels-ættene med det bodet: «Når de høyrer hornet ljoma, skal de ropa: Absalom har vorte konge i Hebron!»
11. Saman med Absalom drog det to hundre mann som var bedne med frå Jerusalem. Dei fylgde med i god tru og visste ikkje om noko.
12. Medan Absalom bar fram slaktoffera, sende han bod etter Akitofel frå Gilo, rådgjevaren til David, som då var heime i Gilo, fedrebyen sin. Samansverjinga auka i styrke, og det samla seg meir og meir folk om Absalom.
13. Det kom ein mann med bod til David og sa: «Kvar mann i Israel har vendt hugen sin til Absalom.»
14. Då sa David til alle dei mennene han hadde hjå seg i Jerusalem: «Kom, lat oss røma! På annan måte kan vi ikkje berga oss for Absalom. Skunda dykk av stad! Elles skundar han seg og når oss att. Så fører han ulukke over oss og drep folket i byen med sverd.»
15. Kongsmennene svara: «Som du vil, herre konge! Vi er tenarane dine.»
16. Så tok kongen ut og alt husfolket hans med han. Berre ti fylgjekoner lét han vera att; dei skulle sjå etter huset.
17. Heile hæren fylgde kongen då han drog ut. Dei stogga ved det siste huset.
18. Alle kongsmennene stod attmed han medan livvakta og alle dei seks hundre mennene som hadde fylgt han frå Gat, gjekk framom.
19. Då sa kongen til Ittai frå Gat: «Kvifor går du òg med oss? Far attende og ver hjå den nye kongen! For du er framand her og endåtil bortført frå heimstaden din.
20. Du kom i går, og så skulle eg alt i dag la deg flakka ikring saman med oss? Eg veit ikkje eingong kvar eg skal gjera av meg. Snu om, og ta landsmennene dine med deg attende. Gjev Herren må vera god og trufast mot dykk!»
21. Men Ittai svara: «Så sant Herren lever, og så sant du lever, herre konge: Der du er, herre konge, der vil eg òg vera, anten det ber til liv eller død.»
22. Då sa David til Ittai: «Gå framom du òg!» Så gjekk Ittai frå Gat framom med alle mennene sine og med alle kvinnene og borna som dei hadde med seg.