7. Då sa Natan til David: «Du er mannen! Så seier Herren, Israels Gud: Eg salva deg til konge over Israel og berga deg frå Sauls hand.
8. Eg gav deg huset åt herren din og konene hans i fanget ditt. Eg gav deg både Israels- og Juda-riket. Og var ikkje det nok, ville eg ha lagt til både det eine og det andre.
9. Kvifor har så du vanvørdt Herrens ord og gjort det som vondt er i Herrens augo? Hetitten Uria har du drepe med sverd; du lét ammonittane drepa han. Og kona hans har du teke og gift deg med.
10. Så skal då sverdet aldri vika frå huset ditt, sidan du har vanvørdt meg og teke kona åt hetitten Uria.
11. Så seier Herren: Sjå, eg lèt ulukke koma over deg frå di eiga ætt. Eg vil ta konene dine beint for augo dine og la ein annan mann få dei, og han skal liggja med dei midt på ljose dagen.
12. Du gjorde di gjerning i løynd, men eg vil la dette henda for augo på heile Israel midt på ljose dagen.»
13. Då sa David til Natan: «Eg har synda mot Herren.» Natan svara: «Så har òg Herren teke bort synda di; du skal ikkje døy.
14. Men fordi du gjorde dette og gav Herrens fiendar grunn til å spotta, skal den sonen du har fått, ikkje få leva.»
15. Så gjekk Natan heim att.Herren lét det koma ein hard sjukdom over det barnet David hadde fått med kona til Uria.
16. David bad til Gud for guten og fasta strengt. Når han kom heim om kvelden, la han seg på golvet, og der vart han liggjande heile natta.
17. Dei øvste ved hoffet kom og ville få han til å reisa seg frå golvet; men han nekta og ville heller ikkje eta saman med dei.
18. Sjuande dagen døydde barnet. Men tenarane våga ikkje å fortelja David at guten var død; dei sa: «Når vi tala til han medan guten levde, ville han ikkje høyra på oss. Korleis skal vi då få sagt han at guten er død? Han kunne gjera noko fælt.»
19. Men David såg at mennene kviskra seg imellom, og han skjøna at guten var død. Så spurde han: «Er guten død?» Dei svara: «Ja, han er død.»
20. Då reiste David seg opp frå golvet, vaska og salva seg og skifte klede. Så gjekk han inn i Herrens hus, bøygde seg og tilbad. Då han kom heim att, bad han om mat. Det sette dei fram, og han åt.
21. Mennene hans sa til han: «Korleis er det du ber deg åt? Medan guten endå levde, fasta og gret du. Men no, når han er død, står du opp og et.»
22. Han svara: «Så lenge guten levde, fasta eg og gret. For eg tenkte med meg: Kven veit om ikkje Herren miskunnar seg over meg og lèt guten leva?
23. Men kvifor skulle eg fasta no når han er død? Kan eg vel henta han attende? Eg må ein gong fara dit han er, men han kjem aldri att til meg.»
24. David trøysta Batseba, kona si. Sidan gjekk han inn til henne og låg med henne, og ho fekk ein son som ho kalla Salomo. Herren heldt av han