2. Samuelsbok 10:5-17 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

5. Då David fekk vita kor stygt mennene hans hadde vorte vanæra, sende han folk som skulle møta dei og seia frå kongen: «Hald dykk i Jeriko til skjegget dykkar har vakse ut att. Så kan de koma heim.»

6. Ammonittane skjøna at dei hadde gjort David hatig på seg. Dei sende ut folk og leigde tjue tusen mann fotfolk av aramearane i Bet-Rehob og Soba, tusen mann av kongen i Ma’aka og tolv tusen mann frå Tob.

7. Då David høyrde det, sende han Joab av stad med alle dei krigsvane mennene i hæren.

8. Så drog ammonittane ut og fylka seg framfor byporten. Men aramearane frå Soba og Rehob og mennene frå Tob og Ma’aka stod for seg sjølve bortpå marka.

9. Då Joab såg at fienden truga både framanfrå og bakanfrå, valde han ut ein flokk av dei beste stridsmennene i Israel og stelte dei opp mot aramearane.

10. Resten av hæren lét han Abisjai, bror sin, få hand over og fylka dei mot ammonittane.

11. Så sa han: «Vinn aramearane over meg, må du koma meg til hjelp; og vinn ammonittane over deg, skal eg koma og hjelpa deg.

12. Ver djerv! Og lat oss vera uredde i striden for folket vårt og for byane åt vår Gud; så får Herren gjera som han tykkjer best.»

13. Så gjekk Joab og mennene hans til strid mot aramearane, og dei rømde for han.

14. Då ammonittane såg at aramearane tok på flòg, rømde dei òg for Abisjai og drog seg inn i byen. Då fór Joab heim att frå Ammon og kom til Jerusalem.

15. Aramearane såg at dei hadde tapt for israelittane, men dei samla seg att.

16. Hadadeser sende bod og baud ut dei aramearane som budde på hi sida av Eufrat. Dei kom til Helam, og Sjobak, hærføraren til Hadadeser, førte dei.

17. Då David fekk melding om det, samla han heile Israel, sette over Jordan og drog til Helam. Aramearane fylka seg mot David og gjekk til strid mot han.

2. Samuelsbok 10