2. Samuelsbok 10:3-14 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

3. sa ammonitthovdingane til Hanun, herren sin: «Trur du det er fordi han vil æra far din at David sender folk som skal trøysta deg? Er det ikkje heller fordi han vil ransaka byen, speida han ut og så øydeleggja han, at han har sendt mennene sine hit?»

4. Då greip Hanun mennene til David. Han raka av dei halve skjegget, skar av dei halve klednaden heilt opp til baken og sende dei så frå seg.

5. Då David fekk vita kor stygt mennene hans hadde vorte vanæra, sende han folk som skulle møta dei og seia frå kongen: «Hald dykk i Jeriko til skjegget dykkar har vakse ut att. Så kan de koma heim.»

6. Ammonittane skjøna at dei hadde gjort David hatig på seg. Dei sende ut folk og leigde tjue tusen mann fotfolk av aramearane i Bet-Rehob og Soba, tusen mann av kongen i Ma’aka og tolv tusen mann frå Tob.

7. Då David høyrde det, sende han Joab av stad med alle dei krigsvane mennene i hæren.

8. Så drog ammonittane ut og fylka seg framfor byporten. Men aramearane frå Soba og Rehob og mennene frå Tob og Ma’aka stod for seg sjølve bortpå marka.

9. Då Joab såg at fienden truga både framanfrå og bakanfrå, valde han ut ein flokk av dei beste stridsmennene i Israel og stelte dei opp mot aramearane.

10. Resten av hæren lét han Abisjai, bror sin, få hand over og fylka dei mot ammonittane.

11. Så sa han: «Vinn aramearane over meg, må du koma meg til hjelp; og vinn ammonittane over deg, skal eg koma og hjelpa deg.

12. Ver djerv! Og lat oss vera uredde i striden for folket vårt og for byane åt vår Gud; så får Herren gjera som han tykkjer best.»

13. Så gjekk Joab og mennene hans til strid mot aramearane, og dei rømde for han.

14. Då ammonittane såg at aramearane tok på flòg, rømde dei òg for Abisjai og drog seg inn i byen. Då fór Joab heim att frå Ammon og kom til Jerusalem.

2. Samuelsbok 10