2. Samuelsbok 1:16-22 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

16. og David sa: «Du er sjølv skuld i din død. Din eigen munn vitna mot deg då du sa: Eg har drepe Herrens salvevigde.»

17. David kvad ein klagesong over Saul og Jonatan, son hans.

18. Og han sa at Juda-folket skulle læra denne songen, som vert kalla «Bogen». Han er oppskriven i «Boka åt den rettvise» og lyder:

19. No ligg din prydnad, Israel,drepen på dine haugar.Å, at krigarane er falne!

20. Fortel det ikkje i Gat,kunngjer det ikkje ¬på Asjkalons gater!Då ville filistarkvinnene ¬gleda seg,døtrene til dei uomskorne jubla.

21. De Gilboa-fjell!Gjev det aldri må falladogg eller regn på dykk!Gjev markene aldri ¬må bera fyrstegrøde!For der vart krigarars skjold ¬sulka med blod.Sauls skjold er ikkje smurt ¬med olje.

22. Utan blod av falne, ¬utan feitt av krigararvende Jonatans boge ¬aldri attende,aldri kom Sauls-sverdet ¬umetta heim.

2. Samuelsbok 1