2. Mosebok 7:13-22 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

13. Det gjekk som Herren hadde sagt: Farao gjorde seg hard og ville ikkje høyra på dei.

14. Då sa Herren til Moses: «Farao er trassig. Han vil ikkje la folket fara.

15. Gå til han i morgon tidleg når han kjem ned til Nilen, og stå på elvebakken, så han møter deg! Staven som vart omskapt til ein orm, skal du ha i handa.

16. Og du skal seia til han: Herren, Hebrearguden, har sendt meg til deg og seier: Lat folket mitt fara, så dei kan halda gudsteneste i øydemarka! Men enno har du ikkje vilja lyda.

17. Så seier Herren: Av dette skal du skjøna at eg er Herren: Sjå, no slår eg på vatnet i Nilen med denne staven som eg har i handa, og så skal det verta til blod.

18. Fisken i Nilen skal døy, og det skal lukta så vondt av elva at egyptarane ikkje orkar å drikka vatnet.»

19. Og Herren sa til Moses: «Sei til Aron: Ta staven og rett handa di ut over vatnet i Egypt, over elvane og kanalane og dammane, over kvar samling av vatn i landet, så skal det verta til blod. Og blod skal det vera i heile Egypt, både i trekjerald og steinkjerald.»

20. Moses og Aron gjorde som Herren hadde sagt. Moses lyfte staven og slo på vatnet i Nilen, medan farao og mennene hans såg på. Då vart alt vatnet i elva til blod.

21. Fisken i Nilen døydde, og det lukta så vondt av elva at egyptarane ikkje kunne drikka vatnet. Det var blod i heile Egypt.

22. Men dei egyptiske spåmennene gjorde det same med kunstene sine. Og det gjekk som Herren hadde sagt: Farao gjorde seg hard og ville ikkje høyra på dei.

2. Mosebok 7