2. Mosebok 6:8-14 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

8. Og eg vil føra dykk til det landet som eg med eid lova Abraham, Isak og Jakob, og det vil eg gje dykk til odel og eige. Eg er Herren.»

9. Dette la Moses fram for israelittane. Men dei høyrde ikkje på han, fordi dei var motlause og laut træla så hardt.

10. Då sa Herren til Moses:

11. «Gå til farao, kongen i Egypt, og sei at han skal la israelittane fara ut or landet!»

12. Moses svara der han stod for Herrens åsyn: «Israelittane høyrer ikkje på meg. Korleis skulle då farao høyra på meg, eg som har så vanskeleg for å tala?»

13. Så tala Herren til Moses og Aron og sende dei til israelittane og til farao, egyptarkongen, med det bodet at dei skulle føra israelittane ut or Egypt.

14. Dette er ættehovdingane deira: Sønene til Ruben, eldste son til Israel, var Hanok, Pallu, Hesron og Karmi. Det er Rubens-ættene.

2. Mosebok 6