2. Mosebok 34:22-28 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

22. Sjuvekehelga skal du halda når du tek inn den fyrste grøda av kveitehausten, og hausthelga når året er ute.

23. Tre gonger om året skal alle mennene dine stiga fram for Herren, Israels Gud.

24. For eg vil driva ut dei andre folka for deg og gjera grensene dine vide, og ingen skal trå etter landet ditt medan du fer opp og stig fram for Herren din Gud, tre gonger om året.

25. Du skal ikkje bera fram blodet av slaktofferet mitt saman med syrt brød, og påskefestofferet må ikkje verta liggjande til om morgonen.

26. Det beste av den fyrste grøda på jorda di skal du bera til huset åt Herren din Gud. Du skal ikkje koka eit kje i mjølka åt mor si.

27. Herren sa til Moses: «Skriv opp desse boda! For etter dei gjer eg ei pakt med deg og Israel.»

28. Moses var hjå Herren i førti dagar og førti netter, og han smaka korkje mat eller drikke. Og Herren skreiv paktorda, dei ti boda, på tavlene.

2. Mosebok 34