2. Mosebok 32:14-20 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

14. Då angra Herren på den ulukka han hadde tenkt å føra over folket sitt.

15. Så gjekk Moses ned att av fjellet med dei to lovtavlene i handa. Det var skrive på begge sider av tavlene, både på framsida og baksida.

16. Tavlene var Guds eige arbeid, og skrifta var Guds eiga skrift, som var rita på dei.

17. Då Josva høyrde korleis folket ropa og ståka, sa han til Moses: «Det lyder hærrop i leiren.»

18. Moses svara: «Dette er ikkje sigerssong og ikkje skrik over nederlag; det er song og ståk eg høyrer.»

19. Då Moses kom ned til leiren og fekk sjå gullkalven og dansen, vart han så harm at han slengde tavlene mot fjellet og knuste dei.

20. Så tok han kalven som dei hadde laga, kasta han på elden og mol han til støv. Støvet strøydde han på vatnet, og det lét han israelittane drikka.

2. Mosebok 32