2. Mosebok 26:12-21 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

12. Den delen som går av på teltdukane, den halve duken som vert att, skal hanga ned på baksida av heilagdomen.

13. Og den eine alna som teltdukane er for lange på kvar ende, skal hengjast ned etter begge sideveggene til livd for heilagdomen.

14. Over telttaket skal du laga eit dekke av raudleta verskinn, og ovanpå det eit dekke av delfinskinn.

15. Plankane til heilagdomen skal du laga av akasietre. Dei skal reisast på ende.

16. Kvar planke skal vera ti alner lang og halvanna alen brei.

17. På kvar planke skal det vera to tappar med ei tverrlist imellom. Såleis skal du laga alle plankane i heilagdomen.

18. Tjue av dei plankane du lagar, skal stå på den sida som vender mot sør.

19. Til dei tjue plankane skal du laga førti fotstykke av sølv, to fotstykke under kvar planke, så dei to tappane kan festast i dei.

20. På den andre sida av heilagdomen, på nordsida, skal det òg vera tjue plankar

21. med førti fotstykke av sølv, to under kvar planke.

2. Mosebok 26