2. Mosebok 11:3-8 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

3. Og Herren laga det så at egyptarane fekk godvilje for folket. Men så vart òg Moses halden for ein ovstor mann i Egypt, både av mennene åt farao og av folket.

4. Moses sa: «Så seier Herren: Når det lid til midnatt, vil eg fara gjennom Egypt.

5. Då skal det døy, alt som fyrstefødt er i Egypt, frå den eldste sonen åt farao som sit på kongsstolen sin, til den eldste sonen åt trælkvinna som står bak kverna, og alle dei fyrstefødde dyra i buskapen.

6. Og i heile Egyptarlandet skal det lyda eit skrik så fælt at det ikkje har vore maken til det før og heller ikkje skal verta det sidan.

7. Men ikkje ein hund skal gøy mot nokon av israelittane, korkje mot menneske eller dyr. Såleis skal de skjøna at Herren gjer skil på egyptarane og israelittane.

8. Då skal alle mennene dine koma ned til meg og bøya seg for meg og seia: Far herifrå, både du og heile det folket som fylgjer deg! Og så skal eg fara.» Dermed gjekk han bort frå farao i brennande harme.

2. Mosebok 11