2. Mosebok 10:22-29 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

22. Så rette Moses handa opp mot himmelen. Då vart det stummande mørkt i heile Egypt i tre dagar.

23. Den eine kunne ikkje sjå den andre, og i tre dagar var det ingen som torde reisa seg frå setet sitt. Men der israelittane budde, var det ljost alle stader.

24. Då sende farao bod etter Moses og sa: «Gå av og hald gudsteneste for Herren! Borna dykkar kan òg få vera med. Men småfeet og storfeet skal vera att.»

25. Moses svara: «Nei, du må la oss få det vi treng til slaktoffer og brennoffer, så vi kan ofra til Herren vår Gud.

26. Buskapen vår må òg vera med, ikkje ei klauv skal vera att; for det er den vi må ta av når vi skal ofra til Herren vår Gud. Og vi veit ikkje kva vi skal ofra til Herren før vi kjem fram.»

27. Men Herren gjorde farao hard i hugen, og han ville ikkje la dei fara.

28. Farao sa til Moses: «Gå frå meg! Akta deg, så du aldri kjem meg for auga meir! For den dagen du stig fram for meg att, skal du døy!»

29. Moses svara: «Det er rett som du seier; eg kjem deg aldri for auga meir.»

2. Mosebok 10