14. Dei dreiv inn over heile Egypt i store mengder og slo seg ned overalt i landet. Aldri før hadde det vore ein slik grashoppesverm, og aldri meir skal det koma.
15. Dei la seg ut over heile landet, så tett at markene svartna. Og dei åt opp all grøda på marka og all frukta som var att på trea etter haglveret. Det vart ikkje att noko grønt anten på tre eller planter i heile Egypt.
16. Då skunda farao seg og sende bod etter Moses og Aron. Han sa: «Eg har synda mot Herren dykkar Gud og mot dykk.
17. Men tilgjev meg synda mi denne eine gongen, og bed til Herren dykkar Gud at han må spara meg for denne drepande plaga!»
18. Så gjekk Moses bort frå farao og bad til Herren.