20. Manasse gjekk til kvile hjå fedrane sine. Dei gravla han i huset hans, og Amon, son hans, vart konge etter han.
21. Amon var tjueto år gamal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i to år.
22. Han gjorde det som vondt var i Herrens augo, liksom Manasse, far hans, hadde gjort. Amon ofra til alle dei gudebilete som Manasse, far hans, hadde laga, og dyrka dei.
23. Men han audmykte seg ikkje for Herren, som Manasse, far hans, hadde gjort. Han berre auka syndeskulda.