2. Krønikebok 30:11-14 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

11. Det var berre nokre få i Asjer, Manasse og Sebulon som audmykte seg og kom til Jerusalem.

12. I Juda òg var Guds hand verksam, og han gav folket ein og same hug, så dei gjorde det som kongen og stormennene etter Herrens ord hadde sagt.

13. Det samla seg mykje folk i Jerusalem og ville høgtida usyrdebrødshelga i den andre månaden. Det vart ein stor møtelyd.

14. Fyrst fekk dei bort dei altara som fanst i Jerusalem. Og alle røykjelsesaltara tok dei og kasta i Kedron-dalen.

2. Krønikebok 30