1. Så tok Salomo til å byggja Herrens hus i Jerusalem, på Moria-fjellet. Det var der Herren hadde synt seg for David, far hans, på den staden David hadde samla vyrke, på treskjevollen til jebusitten Ornan.
2. Det var i den andre månaden i det fjerde året av kongedømet sitt han tok til med bygginga.
3. Såleis var grunnvollen Salomo la då han skulle byggja Guds hus: Lengda var seksti alner etter gamalt mål og breidda tjue alner.
4. Forhalla framfor tempelromet var tjue alner lang, svarande til breidda på huset, og tjue alner høg. Innvendes kledde han henne med reint gull.