18. Men Joasj, kongen i Israel, sende dette bodet attende til Amasja, Juda-kongen: «Klungeren på Libanon sende ein gong bod til sederen der og sa: Lat son min få dotter di til kone! Men villdyra på Libanon kom farande og trakka ned klungeren.
19. Du tenkjer at du har slege edomittane. Difor har du vorte stormodig og vil vinna endå meir ære. Hald deg heime! Kvifor vil du styrta deg i ulukke? Du kjem berre til å falla, og judearane med deg.»
20. Men Amasja ville ikkje høyra på han. Det var Gud som laga det så; han ville la dei falla i fiendehand, fordi dei hadde spurt Edom-gudane til råds.
21. Så drog Joasj, Israels-kongen, ut mot Amasja, Juda-kongen. Det kom til styrkeprøve mellom dei ved Bet-Sjemesj, som ligg i Juda.
22. Judearane tapte for israelittane og rømde kvar til sitt.
23. Juda-kongen Amasja, son til Joasj Akasjason, vart teken til fange ved Bet-Sjemesj av Joasj, Israels-kongen, og ført til Jerusalem. Der reiv Joasj ned bymuren frå Efraims-porten til Hjørneporten, eit stykke på fire hundre alner.
24. Og han tok alt gullet og sølvet og alle dei kar som fanst i Guds hus, hjå Obed-Edom, og i skattkammeret i kongsgarden. Gislar tok han òg med seg då han fór heim att til Samaria.
25. Juda-kongen Amasja, son til Joasj, levde femten år etter at Israels-kongen Joasj, son til Joakas, var død.