13. Der fekk ho sjå kongen stå attmed søyla si ved inngangen, og hovdingane og hornblåsarane attmed han. Heile hopen jubla og bles i trompetar, og songarane stod der med instrumenta sine og styrte lovsongen. Då reiv Atalja sund kleda sine og ropa: «Opprør, opprør!»
14. Men presten Jojada sende hundremannsførarane i veg, dei som stod over hæren, og sa til dei: «Lei henne ut mellom rekkjene! Og fylgjer nokon etter henne, skal han hoggast ned med sverd.» For presten hadde sagt: «De må ikkje drepa henne i Herrens hus.»
15. Så greip dei Atalja. Ho laut gå gjennom Hesteporten inn i kongsgarden, og der drap dei henne.
16. Sidan gjorde Jojada ei pakt mellom seg og folket og kongen: Dei skulle vera Herrens folk.
17. Så gjekk alt folket til Ba’al-templet og reiv det ned. Altara og gudebileta der slo dei sund, og Ba’al-presten Mattan drap dei framfor altara.