1. Rehabeam fór til Sikem; for heile Israel var kome dit og skulle gjera han til konge.
2. Dette fekk Jeroboam Nebatsson høyra. Han var då i Egypt. Dit hadde han rømt for kong Salomo; men no kom han heim att derifrå.
3. Dei sende bod etter Jeroboam. Og så kom han og heile Israel til Rehabeam og sa: