15. Kongen gjorde sølv og gull like vanleg i Jerusalem som stein, og sedertre like vanleg som morbærtre i Sjefela.
16. Hestane sine fekk Salomo frå Egypt og Kue. Kjøpmennene hans henta dei i Kue for betaling.
17. Kvar vogn som dei førte heim frå Egypt, kosta seks hundre sekel sølv, og kvar hest hundre og femti sekel. Sameleis henta dei vogner og hestar til alle hetittkongane og aramearkongane.