1. Det er no tredje gongen eg kjem til dykk. «Etter to eller tre manns vitnemål skal kvar sak stå fast.»
2. Eg sa frå då eg var hjå dykk andre gongen, til dei som hadde synda og til alle dei andre, og eg seier frå no, når eg er borte: Når eg kjem att, vil eg ikkje spara nokon.
3. For de krev då eit prov på at Kristus talar i meg. Og han er ikkje vanmektig mot dykk, men mektig hjå dykk.
4. For om han vart krossfest i vanmakt, så lever han i Guds kraft. Vi òg er vanmektige i han, men vi skal leva med han i Guds kraft hjå dykk.
5. Ransak dykk sjølve om de er i trua; prøv dykk sjølve! Eller kjenner de ikkje at Jesus Kristus er i dykk? Det måtte då vera at de ikkje held prøva.