2. Korintar 11:8-10 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

8. Andre kyrkjelydar har eg nærast plyndra, og eg tok løn av dei så eg kunne gjera teneste hjå dykk.

9. Då eg var hjå dykk, vart eg ikkje til bør for nokon av dykk når eg trong om noko; for brørne som kom frå Makedonia, gav meg det eg vanta. Alltid la eg vinn på å greia meg utan dykkar hjelp, og det skal eg gjera heretter òg.

10. Så visst som Kristi sanning bur i meg, denne ros skal ingen i Akaia ta frå meg!

2. Korintar 11