2. Kongebok 3:8-17 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

8. «Kva veg skal vi ta?» spurde Joram. Josjafat svara: «Vegen gjennom øydemarka i Edom.»

9. Så tok dei av stad, kongane i Israel, Juda og Edom. Men då dei hadde fare sju dagsleier fram, fanst det ikkje vatn, korkje til hæren eller til dyra som dei hadde med seg.

10. Då sa Israels-kongen: «Å, Herren har visst kalla desse tre kongane saman for å gje dei i hendene på moabittane.»

11. Men Josjafat sa: «Finst det ingen av Herrens profetar her, så vi kan spørja Herren til råds gjennom han?» Ein av mennene åt Israels-kongen svara: «Her er Elisja, son til Sjafat, den tenaren som stod Elia serleg nær.»

12. Josjafat sa: «Ja, han har ord frå Herren.» Så gjekk dei ned til profeten alle tre, Israels-kongen, Josjafat og Edom-kongen.

13. Elisja sa til Israels-kongen: «Kva vil du meg? Gå til profetane åt far din og mor di!» Men Israels-kongen svara: «Nei, det er Herren som har kalla desse tre kongane hit for å gje dei i hendene på moabittane.»

14. Då sa Elisja: «Så sant Herren, Allhærs Gud, lever, han som eg tener: Var det ikkje av vørdnad for Josjafat, Juda-kongen, ville eg ikkje sjå på deg eingong.

15. Men henta no ein harpespelar til meg!» Då så harpespelaren tok til å spela, kom Herrens hand over Elisja.

16. Og han sa: «Så seier Herren: Grav grøft etter grøft her i dalen!

17. For så seier Herren: Utan at de ser vind eller regn, skal denne dalen fyllast med vatn, så de får drikka, både de og buskapen og dei andre dyra dykkar.

2. Kongebok 3