26. Då Moab-kongen såg at striden vart for hard for han, tok han med seg sju hundre mann, væpna med sverd, og ville bryta igjennom og nå bort til Edom-kongen. Men det greidde dei ikkje.
27. Då tok kongen eldste son sin, som skulle verta konge etter han, og ofra han som brennoffer på bymuren. Og israelittane fekk slik støkk i seg at dei drog bort derifrå og fór heim att til sitt eige land.