2. Kongebok 25:1-10 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Då drog Nebukadnesar med heile hæren sin mot Jerusalem. Det var i det niande styringsåret åt Sidkia, den tiande dagen i den tiande månaden. Dei slo leir utfor byen og kasta opp ein voll rundt han.

2. Dei heldt byen kringsett til ellevte styringsåret åt kong Sidkia.

3. Den niande dagen i den fjerde månaden, då hungersnauda var som verst, og folket ikkje hadde meir mat,

4. braut fienden inn i byen. Om natta rømde alle stridsmennene gjennom porten mellom dei to murane, attmed kongshagen, endå kaldearane låg rundt ikring byen. Og kongen tok vegen mot Jordan-dalen.

5. Men kaldearhæren sette etter kongen og nådde han att på moane ved Jeriko. Då hadde heile hæren rømt frå han og var spreidd.

6. Kaldearane greip kongen og førte han opp til Ribla, til babylonarkongen, som felte domen over han.

7. Han drap sønene til Sidkia medan far deira såg på. Så lét han Sidkia blinda, batt han med bronselekkjer og førte han til Babylon.

8. Den sjuande dagen i den femte månaden – det var i det nittande styringsåret til Nebukadnesar – kom ein av mennene åt babylonarkongen til Jerusalem. Han heitte Nebusaradan og var hovding over livvakta.

9. Nebusaradan sette eld på Herrens hus og kongsgarden. Og alle dei andre husa i Jerusalem brende han, jamvel dei som høyrde stormennene til.

10. Og heile kaldearhæren, som livvakthovdingen hadde med seg, reiv ned murane kring Jerusalem.

2. Kongebok 25