2. Kongebok 22:1-17 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Josjia var åtte år gamal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i trettiein år. Mor hans heitte Jedida og var dotter til Adaja frå Boskat.

2. Josjia gjorde det som rett var i Herrens augo. Han heldt seg i alle måtar til den same vegen som David, ættefar hans, og bøygde ikkje av, korkje til høgre eller venstre.

3. I det attande styringsåret sitt sende kong Josjia riksskrivaren Sjafan, son til Asalja Mesjullamsson, til Herrens hus og sa:

4. «Gå til overpresten Hilkia og bed han telja opp dei pengane som er komne inn til Herrens hus, dei som dørvaktarane har samla inn hjå folket.

5. Han skal gje pengane til arbeidsleiarane som har tilsyn med Herrens hus. Og dei skal gje dei til handverkarane som arbeider i Herrens hus og bøter brestene der,

6. og til tømmermennene, bygningsmennene og murarane. Pengane skal òg brukast til å kjøpa inn trevyrke og hoggen stein, så templet kan setjast i stand.

7. Men ingen skal halda rekneskap med arbeidsleiarane for dei pengane dei tek imot; for dei fer ærleg fram.»

8. Då sa overpresten Hilkia til Sjafan, riksskrivaren: «Eg har funne lovboka i Herrens hus.» Og han gav boka til riksskrivaren, som las henne.

9. Sjafan gjekk attende til kongen og sa frå: «Tenarane dine har tømt ut dei pengane som fanst i templet, og gjeve dei til arbeidsleiarane som har tilsyn med Herrens hus.»

10. Så fortalde han kongen at Hilkia, presten, hadde gjeve han ei bok. Og han las boka for kongen.

11. Då Josjia høyrde det som stod i lovboka, reiv han sund kleda sine.

12. Så tala han med Hilkia, presten, og med Ahikam Sjafansson, Akbor Mikason, Sjafan, riksskrivaren, og Asaja, kongsmannen, og sa :

13. «Gå og spør Herren til råds for meg og folket, for heile Juda-folket, om det som står i denne boka som no er funnen. For stor er Herrens harme som har loga opp mot oss, fordi fedrane våre ikkje høyrde på det som står i denne boka, og ikkje heldt seg etter alt det som er oss føreskrive.»

14. Då gjekk presten Hilkia saman med Ahikam, Akbor, Sjafan og Asaja til Hulda, ei profetkvinne som var gift med Sjallum, son til Tikva Harkasson, han som hadde tilsyn med kleda. Hulda budde i Nybyen i Jerusalem. Dei la saka fram for henne,

15. og ho sa til dei:Så seier Herren, Israels Gud: Sei til den mannen som har sendt dykk til meg:

16. Så seier Herren: Sjå, eg fører ulukke over denne staden og dei som bur her, alt det som er nemnt i den boka Juda-kongen har lese.

17. For dei har gått bort frå meg og ofra til andre gudar. Såleis har dei eggja meg til harme med det dei har gjort. Harmen min logar mot denne staden, og han skal ikkje slokna.

2. Kongebok 22