2. Kongebok 15:4-13 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

4. Men offerhaugane vart ikkje nedlagde. Folket heldt fram med å slakta og ofra på haugane.

5. Men Herren rørte ved kongen, så han fekk ein hudsjukdom som gjorde han urein, og den hadde han til sin døyande dag. Difor budde han i eit hus for seg sjølv, og Jotam, son til kongen, stod for kongsgarden og styrte folket i landet.

6. Det som elles er å seia om Asarja og alt det han gjorde, det står skrive i krønikeboka åt Juda-kongane.

7. Asarja gjekk til kvile hjå fedrane sine. Han vart gravlagd i Davids-byen, der fedrane hans låg, og Jotam, son hans, vart konge etter han.

8. I det trettiåttande året Asarja var konge i Juda, vart Sakarja, son til Jeroboam, konge i Israel. Han styrte i Samaria i seks månader.

9. Sakarja gjorde det som vondt var i Herrens augo, liksom fedrane hans. Han gav ikkje opp dei syndene som Jeroboam Nebatsson hadde gjort og fått israelittane til å gjera.

10. Sjallum, son til Jabesj, fekk til ei samansverjing mot Sakarja. Han slo han i hel så folket såg på, og vart sjølv konge etter han.

11. Det som elles er å seia om Sakarja, det står skrive i krønikeboka åt Israels-kongane.

12. Det gjekk i oppfylling, det ordet som Herren hadde tala til Jehu: «I fire ættleder skal etterkomarane dine sitja på Israels kongsstol.» Og så vart det.

13. Sjallum, son til Jabesj, vart konge i det trettiniande året Ussia var konge i Juda. Han styrte i Samaria ein månads tid.

2. Kongebok 15