5. Herren gav dei ein bergingsmann, så dei kom seg fri frå aramearveldet. No kunne israelittane bu i heimane sine som før.
6. Likevel gav dei ikkje opp dei syndene som Jeroboams ætt hadde gjort og fått israelittane til å gjera. Dei heldt dei fram med. Jamvel Asjera-biletet vart ståande i Samaria.
7. Joakas hadde ikkje meir att enn femti hestfolk med ti vogner og ti tusen fotfolk. Resten hadde aramearkongen øydelagt og trakka ned som støv.
8. Det som elles er å seia om Joakas og alt det han gjorde, om storverka hans, det står skrive i krønikeboka åt Israels-kongane.
9. Joakas gjekk til kvile hjå fedrane sine. Han vart gravlagd i Samaria, og Joasj, son hans, vart konge etter han.
10. I det trettisjuande året Joasj var konge i Juda, vart Joasj, son til Joakas, konge i Israel. Han styrte i Samaria i seksten år.
11. Joasj gjorde det som vondt var i Herrens augo. Han gav ikkje opp alle dei syndene som Jeroboam Nebatsson hadde gjort og fått israelittane til å gjera. Dei heldt han fram med.